BAKKEVEIEN
Type prosjekt: tilbygg
Ferdigstilt: 2024
Entreprenør: Tømrer Skrede & Sønner AS
Eigedommen har vore i familien sidan tiltakshavar sin tippoldefar si tid, og huset som er oppført tidleg på 1900-talet har gjennomgått fleire utvidingar fram til 1980-talet. Etter mange år utan større oppgraderingar ønskjer tiltakshavar no å føre historia vidare ved å transformere huset til ein moderne familiebustad.
Prosjektet omfattar ombygging av eksisterande bygningsmasse og eit nytt tilbygg mot nord over to etasjar. Ein del av tilbygget frå 1980 vert rive for å gi plass til nytt kjøken i første etasje og loftsstove og soverom i andre. Ny hovudinngang og trappeløysing gir betre flyt og romlegheit i planløysinga.
