BERG
Type prosjekt: Ombygd einebustad
Dette huset vart bygd som ein del av Sogn hageby i 1923, med eit tilbygg mot nord frå rundt 1930. Huset ligger rett ved historiske Berg gård, med hovedbygningen frå 1700-talet mot nord-aust. Mot vest har huset utsyn til Holmenkollen og Nordmarka. Dette var ein kontekst vi ønsket forsterke.
Tiltakshavar ønska å nytte seg betre av potensiala i huset, i tillegg til å sone inn huset tydeligare i aktiv-del, foreldre-del og vertskap. Delar av huset var kaldt, kledningen var rådeskada grunnet manglande lufting, inngangssituasjonen opplevdes trang og den gamle terrassen skygga for utsikta og var dessuten lite brukt.
Vi flytta kjøkkenet og plasserte det ved utsikta, og flytta terrassedøra til gavl-veggen. Vi fekk også gjenopna eit lite vindauge som gir eit gløtt til Berg gård, og eit nytt takvindauge til soverommet i andre etasje, som får utsyn til trekronene rundt.







