FUGLEHUSET

Type prosjekt: tilbygg

Ferdigstilt: 2024

Entreprenør: Tømrermester Jo Morten Hagen

Etter mange år som fritidsbolig ønskjer familien å gjere hytta til ein moderne heilårsbolig. Tilbygget rommer garasje, teknisk rom, svarttankrom, bad, kjøken, kontor, hovudsoverom og takterrasse. Det eksisterande huset i hovudsak blir ståande som det er og vil brukast som ekstra stove.

Bygget blir tilpassa terrenget med fleire nivå: garasjen vender mot vegen utan større terrenginngrep, medan svarttanken ligg ein halv etasje under. Som regel likar vi å plassere kjøkenet på terrengnivå, men her vart det plassert i andre etasje for best mogleg lysforhold og tilgang til ein solrik takterrasse.

Med naturlege materialar, tradisjonelle former og moderne detaljering får tilbygget eit eige uttrykk, samstundes som det harmonerer med hytta og småhuspreget i området.