HÅTO

Type prosjekt: Ombygd einebustad

Ferdigstilt: 2024

Entreprenør: Mesterbygg Dombås

Her har vi gjort om på eit husbankhus frå 1977, eit tidstypisk ferdighus.

Huset har store, rause vindauge mot den luftige utsikta med Reinheimen og Lesjabygda i vest. Heile langsida i hovedetasjen er opphaldsrom, med eit nytt framskott karnapp i midten. Dette karnappet dannar også ei overdekning ved hovudinngangen. Mot hagen ligg det to soverom, bad og grovkjøken.

Tilgangen til hagen og skogen mot aust var dårleg. Det har vi løyst med å erstatte den gamle, smale og mørke trappa med ei brei amfitrapp med ein ny utgang frå eit romsleg og ljost repo. Hagen har dermed god tilgang får båe etasjar. 

Underetasjen blir til opphaldssonen for borna i familien, med soverom og TV-stove. I tillegg får familien eit romsleg aktivitetsrom med vaskerom og massevis av oppbevaringsplass.

Huset er kraftig etterisolert og har fått ei avtrekksvarmepumpe. Huset skal nå tilfredsstille krava i TEK17.