KILLI

Type prosjekt: Tilbygg og renovering, frå fjos til filmstudio

Ferdigstilt: 2023

Eit gammalt fjos i dalsida i Gudbrandsdalen har vorte gjort om til eit filmstudio. Anita Killi er ein prisbelønt filmskapar og held til på familiegarden på Killi og både bur og arbeider herifrå. Tanken om å gjere om fjoset til filmstudio hadde ho hatt lenge, og i 2018 hamna den på teiknebordet vårt. Etter mange runder med ulike innfallsvinkler og strategier vart den endeleg opna i oktober 2023!

Her vart det viktig å bevare elementer frå fjoset, vi har mellom anna gjenbrukt fjosinnreiinga og mjølkeanlegget som rekkverk og handløparar. Vi fekk også tatt i bruk ei dør frå gamle Dovre togstasjon som var teikna av Arnstein Arneberg, som bestefaren til Ola og Anita har bygd.