KORSVOLL
Type prosjekt: Ombygging av eksisterande hus
Ferdigstilt: 2019
Dette er ein totalrenovering av ein enebolig på Korsvoll i Oslo. Familien hadde tidlegare søkt om påbygg, men fått avslag. Vi måtte derfor sjå nøye på reguleringsbestemmelsene for å holde oss innafor grensene for gesims- og mønehøgde. Vi fekk ikkje til ein full ny etasje, men denne begrensinga gav oss eit spennande grep i utforminga med vindauga som knekker over gesimsen.
Vi satte pris på samarbeidet med Tømrermesterne Øye og Knutsen, og hadde ein god dialog gjennom heile prosessen. Dei var løysingssorienterte og kreative - ein ideell situasjon i eit kvart byggeprosjekt.
Bygget var opprinneleg eit “blautkakehus” fra 1994 i éin etasje med hybel i kjeller på 235 m2 bruksareal. Med den nye etasjen fekk vi 88 nye kvadratmeter. Dei originale karnappane vart beholdt for å ta vare på noko fra det gamle uttrykket. Panelet vil bli grått etter hvert.



















