KROKEN

Type prosjekt: Nybygg, einebustad

Ferdigstilt: 2017

Denne bustadne ligg femten minutts togreise frå Oslo S, i skogen i Maridalen, nærare bestemt Sørbråten. I huset bur ein aktiv familie på fire.

Huset er bygd i massivtre og isolert med trefiberisolasjon. For at huset skal puste er det ikkje brukt plast i veggane, noko som gjer at det blir eit meir naturleg inneklima, som vi meiner det er sunt å bu i.

Bustaden har to bygningskroppar, og ligg fint i terrenget med kollen i sør og inngangen mot aust. Dette gir ulike og gode uterom. Fotavtrykket er 160m2 og bruksarealet er 234m2.

Prosjektet var eit samarbeid med Arkitekt Ludvig Hoddø