SV6
Type prosjekt: Ombygging, rekkehus
Ferdigstilt: 2024
I dette prosjektet hadde kunden to hovudmål, nemleg å få til fem soverom og at alle viktige funksjoner skulle samles på eitt plan. Utgangspunktet var eit rekkehus med ein utdatert planløysing som bar tydelig preg av å vere eit klipp-og-lim hus. Dette såg ein på at kjøkenet vendte mot innkøyringa i nord, og at fasaden med den beste utsikta mot Mjøsa var lukka av. På sørsida av huset var det ein stor men ubrukt hage. Denne var nok lite brukt fordi adgangen dit frå hovedplan var lang og kronglete.
Her flytta vi kjøkenet mot sør i planen, og fekk knytta den til altanen. Dei store altandørene kan opnes opp slik at ein kan ha plass til langbord som går tvers gjennom kjøkenet og heile veien ut i fri luft. Altanen fekk vi forlenga, i tillegg til å lage ein trapp som tek ein ned til hagen direkte frå kjøkenet. Det nye hovedsoverommet med eiga bad vart plassert der kjøkenet var før - her får mor og far si eiga lille avdeling.
I kjellaren fekk vi plass til fire soverom, alle av jamn storleik. Slikt er viktig for å hindre søskenkrangling! Det gigantiske hobbyrommet er planlagt med masse lagringsplass og ski-prepping radius.
