LJOSHAUGEN

  • Type prosjekt: ombygg

  • Ferdigstilt: under arbeid

  • Entreprenør: Mesterbygg Dombås

Ein familie på fire flytta tilbake til heimbygda si etter nokre år i Oslo. Huset, oppført i 1941 av tyskarane og seinare bygd på i fleire omgangar, har skogen som næraste nabo og ei fantastisk utsikt utover Lesja. Dette ønskte familien å nytte seg betre av.

Særleg andre etasje vart opplevd som lite funksjonell og hadde behov for ei omorganisering. I tillegg ønskte familien å byggje om første etasje for å få eit nytt og moderne kjøken, ei større og meir funksjonell inngangssone, samt flytte vaskerommet til motsett ende av huset med direkte tilgang til hagen.

Eit avgjerande grep i prosjektet var etableringa av to nye takarker, som vil gjere andre etasje lysare og samtidig hente utsikta også hit. Etasjen skal bli familiens private sone, med soverom og ei lys og luftig loftstove plassert i midten ved trappa.

Opphavleg var stova i første etasje vend mot aust og skogen, og det same gjaldt kjøkenet, som låg avskore frå resten av huset i eit hjørne. Desse romma blir no vende mot vest slik at bustaden i større grad får utnytta kvalitetane tomta har å by på.