ÅMOT

  • Type prosjekt: tilbygg

  • Ferdigstilt: under arbeid

Tiltakshavar, som sjølv har vakse opp i huset, ønskte å flytte tilbake til slektsgarden med familien sin. Huset er del av eit tradisjonelt firkanttun med fleire bygningar. Kårhuset, som tiltaket gjeld, er eit laftahus kledd med ståande panel frå 1858.

For å gjere huset meir funksjonelt ønskte tiltakshavar å bygge på huset inn mot tunet for å få plass til eit raust vaskerom ved inngangen. Vi foreslo i staden å bygge på i huset si lengderetning ved gavlveggen mot nord, og heller plassere ei ny spisestue med store glasfelt mot utsikta mot Skeikampen her. Vaskerommet fekk vi plass til i den eksisterande laftekassa ved inngangsdøra.

Alle vindauga vart oppgradert til nye sprossefrie vindauge med svarte karmer som går i eitt med den mørke kledninga. Huset vart renovert på 1980-talet og då vart det sett inn mindre vindauge enn det hadde vore der tidlegare. Tilbygget er bygd i stavlaft og underordnar seg hovudhuset med saltak i tilsvarande vinkel.