STÅRPUTTEN
Type prosjekt: nybygg, einebolig
Ferdigstilt: 2025
Entreprenør: Tømrermester Jo Morten Hagen
Rådgivande ingeniør: Raad
Lim- og massivtre: Splitkon
Betong: Flaget
Foto: Charlotte Sverdrup
Dette er Stårputten på Sørbråten, ein einebustad i massivtre som stod ferdig i 2025. Huset ligg på ei stor naturtomt der skog, lyng og knausar kjem heilt inn til bygningen og skapar ei sterk kopling mellom bustaden og landskapet rundt.
Utgangspunktet for prosjektet var ein familie som trong meir plass og fleire soverom. I staden for å lage eit hus med rom som berre har éin bestemt funksjon, har vi lagt vekt på fleksible løysingar som kan tilpasse seg til familien sine behov over tid. Eit rom kan vere soverom i ein periode og seinare bli kontor, TV-stove, garderobe eller øvingsrom. For oss handlar god bustadarkitektur om å skape heimar som varer og som kan tilpassast ulike livsfasar utan store ombyggingar.
Huset går over tre plan og følgjer terrenget på tomta. Dette gir direkte kontakt med uteområdet frå to etasjar. Hovudinngangen ligg i underetasjen mot gardsplassen i nord, medan hovudopphaldsromma i etasjen over vender seg mot sør med utgang til ein stor terrasse, hagestove og sauna. På loftet gir store takvindauge utsikt mot Maridalen og slepper dagslyset langt inn i huset.
Takforma er utvikla for å vende seg mot utsikta og samtidig skape gode romopplevingar. Varierte romhøgder, store vindauge og gjennomtenkte siktlinjer gir kvart rom sin eigen karakter og skapar ei oppleving av romleg variasjon gjennom heile huset.
Huset sin form og dei mange utgangane legg til rette for ulike uterom. Her er det plass til grønsakshage, vedlager og solrike opphaldssoner gjennom dagen.
Materialbruken er vald med tanke på både miljø, kvalitet og eit godt inneklima. Huset er bygd i norsk massivtre og isolert med trefiberisolasjon. Det er utført utan plast i veggane, slik at konstruksjonen kan transportere fukt på ein naturleg måte.
Dei synlege treflatene tilfører varme til interiøret, og val av fargar på dei malte flatene gir ein spennande kontrast. Samla skapar materialar, lys og fargar ein heim med eit tydeleg uttrykk: robust, naturleg og tilpassa eit aktivt familieliv.
