RULLESTEINEN
Type prosjekt: Utsiktstårn
Ferdigstilt: 2023
Oppdragsgivar: Statsforvalteren i Innlandet
Snikkar: Dovre Handverkssenter
Finansiert av: Miljødirektoratet, Dovrefjell Nasjonalparkstyre, Innlandet fylkeskommune og Statens vegvesen
Sommaren 2021 var vi så heldige å bli kontakta av statsforvalteren i Innlandet fylkeskommune for å teikne det nye utkikkstårnet i anledning 100-års jubileum for Fokstumyra naturreservar på Dovrefjell.
Konseptet tek inspirasjon frå steinane som vart flytta til området under istiden. Rullesteinen er ein trekonstruksjon, men vil frå avstand sjå ut som ein kampestein.
Måten vi gjekk fram på med fundamenteringa var at vi fekk målt inn steinane på tomten, med eksakt høgde. Desse fekk vi deretter teikna inn i 3D-modellen vår, og lot dei bli førande for der pælene treffer bakken.
Rullesteinen dannar eit amfi som ser sør-austover, mot eit lite tjern. Amfiet tek deg så opp til to høgare nivåar som gjev vidsyn utover landskapet.
Foto: Tonje Brustuen















