SØRBRÅT55

Type prosjekt: Tilbygg av eksisterande hus

Ferdigstilt: 2020

Vi fekk høve til å hjelpe ein familie med å transformere ein eldre bustad som hadde blitt bygd på i fleire omgangar. Over tid hadde huset mista den naturlege flyten sin. Planløysinga var fragmentert, mange rom var gjennomgangsrom, og bustaden hadde berre eitt soverom. Behovet var tydeleg: betre struktur, meir samanheng og fleire rom utan å miste kvalitetane huset allereie hadde.

Hovudgrepet vart å etablere eit nytt trapperom frå kjellar til loft. Ved å plassere trappa meir sentralt i huset fekk vi reorganisert planløysinga og frigjort areal i dei ulike etasjane. Dette grepet gav tydlegare romstruktur, færre gjennomgangsrom og betre samanheng mellom etasjane. Eit sentralt mål var å skape plass til fleire soverom. Huset rommar no fire soverom, utan at det har gått på kostnad av opphaldsareal eller romkvalitet.

Kjøkenet vart utvida til å ta i bruk heile det opphavelege fotavtrykket, med utgang til terrasse over den gamle garasjen. Den nye stova har fått utgang til bakhagen mot sør. Med større opningar og betre orientering mot sola har bustaden fått meir lys og betre kontakt med uterommet enn før.

På golva er det nytta utjamningsmasse som ferdig overflate. Dette er eit kostnadseffektivt alternativ som gir eit roleg og moderne uttrykk. I kombinasjon med finerplater og friske fargar skaper det eit enkelt, robust og samanhengande interiør.