SV39
Type prosjekt: tilbygg til eksisterande hus
Ferdigstilt: 2019
Denne einebustaden vart altfor liten for ein familie på fem. Bygget er fra 1920-tallet, ligg ved Movatn på Sørbråten i Maridalen og er på Byantikvarens gule liste.
Vi var alle glade i det gamle, trivelege huset, så utan å øydelegge den eksisterande forma la vi til ein ny bygningskropp på omtrent same størrelse, berre med ein glassgang mellom. Mansardtaket på den gamle delen var viktig i formgivinga av den nye delen, berre snudd og vridd til det vart ein skråstilt vegg.
Vi har lagt vekt på fleksible rom som kan ha ulike funksjonar i tida framover, som rom for trening, plass for gjesteseng, garderobe, bibliotek, leik og tv-krok. Dette huset er i naturen, og nå har vi fått naturen inn i huset og vi har fått utnytta utsikta mykje betre.





















