TROLLTUN

Type prosjekt: ombygg

Ferdigstilt: 2024

Entreprenør: Jora Bygg og Laft AS

Vi har teikna om seks hotellrom på Trolltun Hotell på Dombås. Romma hadde ikkje vore oppgraderte sidan hotellet vart bygd i 1987 og eigarane ønskte å utvikle eit nytt tilbod med hotell-leiligheiter for sjølvhushald. Resultatet har blitt fire leiligheiter, kvar med eigen inngang frå bakkeplan og eige kjøken.

Kvar leilegheit har fått si eiga fargepalett. Vi har arbeidd med å finne gode fargekombinasjonar som gir kvar eining ein tydeleg identitet, framfor å velje eit heilt nøytralt uttrykk som skal passe for «alle». Det var viktig for oss at fargane skulle opplevast som heimlege og behagelege å vere i.

Kvar leilegheit har sengeplass til seks personar med dobbeltseng, køyeseng og dobbel sovesofa. Interiøret er utført i lokalt massivtre, noko som gir romma ein varm og robust karakter.