ØYTANGEN

Type prosjekt: Anneks til eksisterande hytte

Ferdigstilt: 2021

Entreprenør: Byggmester Kåre Lillejord

Ein stor familie trong meir plass på sommarhytta si i skjærgården i Risør kommune. Det var eit ynske om eit eige anneks for foreldra, slik at dei kunne få ein roleg og behageleg stad å trekkje seg tilbake.

Annekset rommar eit hovudsoverom og eit opphaldsrom med tekjøkken vendt mot aust. På gavlsida mot vest ligg inngangen til eit ekstra soverom med fire sengeplassar, i tillegg til eit lite toalett. Bygget er med på å skjerme og definere eit lunt uteområde, der eit enkelt utekjøkken er plassert. Annekset ligg på ein knaus og er forma for å tilpasse seg terrenget.

Uttrykket hentar detaljar frå den opphavlege hytta, med opne, sprossefrie vindauge og mørk, liggjande kledning.